Lokal | 30. nov. 2019

Fem fulle oljefat funne i Ervikane

Svært miljøfarleg: Bergen og Omland Friluftsråd reagerer med vantru.

Fem fulle oljefat funne i Ervikane
Fem fat fylt med olje blei dumpa i Ervikane. No har BOF ordna opp. 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 30. nov. 2019 19:19

Torsdag blei fem oljefat funne ved parkeringsplassen i friluftsområdet Ervikane. Dei viste seg å vera fylt med olje.

– Om det er hol på nokre av dei, så kan det få alvorlege konsekvensar, sa driftsleiar Bjørn Nilsen i BOF til Midtsiden torsdag kveld.

Det er fleire bekkar i området, og dei renn ut i badefjørene.

– Om det hadde gått hol på eit av fata måtte vi truleg tatt masseutskifting på staden. I tillegg til alt som kunne ha rent ut i fjørene.

Ryddejobb til over 10.000 kroner

Fredag reiste han ut for å henta oljefata.

– Vi har no levert dei til Bir. Det kostar rundt 9 kroner per liter med slike leveransar, rekninga kom på 10.000 kroner, fortviler han.

I tillegg kjem arbeidstid og transportutgifter.

– Utruleg at nokon kan forsøpla på denne måten

BOF kjenner ikkje til korleis dei fylte oljefata har hamna i Ervikane.

– Når vedkomande først hadde dei på bil eller hengar synest eg verkeleg at han kunne levert dei på ein gjenvinningsstasjon sjølv.

– Det kostar rett nok nokre kroner, men dette er alvorleg.

BOF har foreløpig ikkje bestemt om dei vil melda forholdet.

– Det er ikkje ei enkel sak for politiet å etterforska. Men om nokon har sett kva bil det var som køyrde til Ervikane med desse fata, eller som kjenner igjen oljefata frå eige nabolag, og har lagt merke til at dei er vekke, så er dei verkeleg velkomen til å senda oss tips.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.