Fem-personar-regelen: Bergen slepp litt opp
Men berre litt.
Den gjeldande smittevernforskrifta for Bjørnafjorden kommune går, som i Bergen, ut i dag.
Bjørnafjorden skal koma med ei eventuell forlenging i ekstraordinær kommunestyremøte i dag, og det er venta vidareføring til 7. desember, mogleg med noko justering.
Bergen kommune informerer i skrivande stund.
Dei mjuknar litt opp i regelen om maks fem personar samla i privat heim.
– Om ein husstand er på fire personar, og alle er heime, kan dei likevel ha besøk av to personar, for eksempel bestefar og bestemor, så det totalt blir seks personar samla, seier byrådsleiar Roger Valhammer, ifølgje sendinga på BT.
Unntaket gjeld frå i morgon.
– No kan familiar «uansett storleik» ha besøk, seier Valhammer.
Dei siste tre dagane har alle vore med mindre enn 30 smittetilfelle per dag i Bergen. I Bjørnafjorden kommune har vi hatt eitt smittetilfelle torsdag, null fredag og laurdag og to søndag.