Lokal | 06. feb. 2014

Femtiåring utan førarkort

Politiet: Mann tatt utan gyldig førarkort i tilfeldig trafikkontroll.

Femtiåring utan førarkort
I rundkøyringa ved Amfi på Byvegen hadde nokon mista delar av lasta si tysdag kveld (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 06. feb. 2014 08:01

UP svingte onsdag ettermiddag innom Os sentrum for ein rutinemessig trafikkontroll.

– Der traff dei på ein mann i 50-åra som ikkje hadde førarkort, men likevel køyrde bil.

– Han blei anmeldt, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.

Patrulja frå UP har ikkje rapportert om at dei avdekka andre forhold under kontrollen.

Mista boss

I 1830-tida fekk politiet melding om at ein bil med hengar hadde mista noko av lasta si på Byvegen.

– Ved gamle Rema 1000 skal dei ha mista ei eske med boss. Vegtrafikksentralen blei varsla og tok seg av bosset.

– Det skal òg ha vore mista noko boss i rundkøyringa ved Amfi. Mellomanna skal det ha vore knuste fliser og liknande.

– Dette blei meldt til senterledelsen som igjen varsla brannvesenet som var ute og kosta og spylte vegbanen, avsluttar politioverbetjenten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.