Fengsel og erstatning
Kvinne i slutten av 40-åra dømd til 18 dagar fengsel etter påkøyrsel på Byvegen.
I november 2012 køyrde ei kvinne i 40-åra på ei anna kvinne i fotgjengarfeltet ved Rema 1000 i Byvegen. Kvinna som blei påkøyrd blei alvorleg skadd med brot i bekkenet, overarmen og ribbein og måtte opererast, noko som ikkje kunne skje før tre dagar seinare då kvinna sin tilstand var for ustabil.
I byrjinga av januar var saka oppe i Nordhordland tingrett, kor aktor hadde lagt ned påstand om at kvinna skulle fengslast i 18 dagar, mista førarkortet for eitt år og dømmast til å betala ei oppreisingserstatning til fornærma på opptil 50 000 kroner.
Kvinna møtte i retten og erkjende seg ikkje skuldig etter tiltalen som gjekk på brot av vegtrafikklovens §31 første ledd, jf §4 trafikkreglanes §9 nr 2 andre ledd for ikkje å ha overhalde vikeplikt for gåande som var i eller på veg ut i gangfelt. Kvinna var òg tiltalt for brot på vegtrafikklovens §31 første ledd jf § 3 for å ha overtrått bestemmelsane om at einkvar skal ferdast hensynsfullt og vera aktpågivande og varsomt.
Såg ikkje fotgjengaren
Den tiltalte kvinna kom køyrande på Byvegen frå Os då ulukka skjedde. Det var mørkt, men gatelysa var tent og vegbanen skal ha vore tørr.
Ho fortalte i retten at ho ikkje såg fornærma før ho var kome ut i gangfeltet i tiltalte sitt køyrefelt.
I si forklaring viste kvinna til at svingen før rettstrekket gjer at ein i liten grad har utsyn mot gangfeltet gjennom frontruta før kort tid før ein kjem til gangfeltet. Lysa på bilen vil av same grunn heller ikkje lysa opp gangfeltet. Kvinna meinte ho heldt om lag 40 km/t då ulukka skjedde.
Fengsel i 18 dagar
I straffeutmålinga finn retten at kvinna var skuldig og at det normalt skal ileggast 21 dagar fengsel. Av formildande omstende finn retten at saka har blitt noko gamal grunna at det tok noko tid å innhenta legeerklæring i samband med etterforskninga, og at det gjekk tid frå tiltalen blei tatt ut til hovedforhandlingane i retten blei beramma.
Dette gjorde samla sett at retten fann 18 dager i fengsel som passande straff.
I tillegg blei kvinna dømd til å betala ei oppreisingserstatning på 50 000 kroner og 5000 i saksomkostning.
Kvinna blei rutinemessig fråtatt førarretten etter ulukka. Denne fekk ho tilbake i mai 2013. Retten fann at ho etter dette har køyrd prikkfritt og at ho også tidlegare ikkje har brote trafikkreglane.
Tap av førarkortet blei difor sett til seks månadar, noko retten meinte kvinna hadde sona i den tida ho var utan førarkort.
Ulukkesstaden har i ettertid fått lysregulert gangfelt.