Lokal | 06. nov. 2012

Fengsla for familievald

• Mann sikta for vald i heimen.• Bil streifa ung fotgjengar.• Mann tatt utan førarkort - ved lensmannskontoret.

Fengsla for familievald
Han kjørte til lensmannskontoret utan førarkort. Det skulle han ikkje ha gjort. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. nov. 2012 08:45

Måndag blei ein mann meldt for familievald.

– Vi møtte sikta i Bergen, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Mannen sit no i forvaring.

Jente råka av bil

Ein bilist meldte i går i frå om ei mindre trafikkulykke på Søfteland.

Ei jente som kryssa vegen hadde blitt råka av speglet på bilen. Jenta skal ikkje ha blitt særleg skadd.

Utan førarkort - utan skilt

Ein mann i 30-40-åra som besøkte Irisgården i går kjørte bil sjølv om han ikkje har førarkort.

– Vi fekk mistanke og stoppa mannen. I tillegg til at han ikkje har førarkort var det ikkje betalt avgift på bilen han kjørte, så den blei avskilta, fortel Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.