Fengsla i 8 nye veker
Osingen som er tiltalt for å ha banka jamnaldra kamerat i mai 2013 varetektsfengsla for åtte nye veker.
16. mai 2013 blei ein bergenser funnen daud i ei leiligheit på Nesttun. Natt til 17. mai blei ein osing i midten av 30-åra gripen i sitt eige husvære på Os. Mannen blei sikta for lekemsskading med døden til følgje. Noko som har ei strafferamme på fengsel inntil 10 år.
I Nordhordland Tingrett fredag blei osingen varetektsfengsla i ytterlegare åtte veker.
Samtykka i forlenging
Mannen hadde samtykka forlenga fengsling og møtte sjølv ikkje i retten. Han har erkjent at han har sparka og slått den avdøydde bergensaren, men ikkje at valden var så grov og massiv som det vitner hevdar.
Valden skal ha skjedd utanfor Amfi Os etter at bergensaren hadde forskynt seg med med verdisakar frå husværet til osingen, mellomanna dåpsgull som tilhøyrde mannen sine born.
Advokat Brynjar Meling, som er forsvarar for mannen, seier til BT.no at dei vil avventa sakkunnige si vurdering.
– Det som er viktig for oss er å få belyst betydninga av det lange tidsintervallet som går frå sikta har erkjent valdsutøvinga til fornærma avgår med døden ei veke seinare.
– Det er på det reine at det er ein lekemsskading. Det blir eit bevistema om han òg kan haldast ansvarleg for dødsfølgen, seier Meling til avisa.
Oppsøkte ikkje lege
Meling peiker på at fornærma hadde fleire handlingsalternativ i tida etter at han blei utsett for valden.
Den no avdøydde bergensaren skal av fleire vener har blitt oppmoda til å oppsøka lege i dagane etter valden, noko han ikkje skal ha ønska.
Hovudforhandlingane i saken kjem truleg opp i retten i løpet av våren 2014.