Fengsla i fire nye veker
Politiet ba om 12 veker fengsling. Retten fann 4 veker meir passande grunna usikkerheit knytt til korleis 18-åringen taklar å vera i varetekt.
Bergen tingrett handsama fredag spørsmålet om fortsatt varetektsfengsling for den sikta 18-åringen etter drapet på Hilda Feste. Før fengslingsmøtet blei det kjend at politiet ville be om forlenging for 12 nye veker grunna dei sterke tekniske bevisa mot guten.
Grunna gutens unge alder og at han til no kun har vore varetektsfengsla i fire veker er det hefta eindel usikkerheit kring korleis han taklar å vera varetektsfengsla. Sjølv om etterforskinga går mot sluten, kan det framleis kome nye opplysningar i saka.
Ut frå dette fann tingrettdomar Vigdis Bygstad at fengslingsvilkåra skulle freistas på nytt om fire veker.
Fengslingssurrogat etter straffeprosesslova sin § 188 blei vurdert som ikkje brukanes.
Sterke bevis
Retten fann at det var skjellig grunn til framleis å mistenke guten for drapet. For at han framleis skal kunne haldast i varetekt etter straffeprosessloven sin § 172 a må han vera mistenkt for tilhøve som kan gje ei fengslingsstraff på meir enn 10 år, samt at ei løslating vil støte den allmenne rettsfølelsen og/eller skapa utryggleik.
I kjenninga skriv tingrettdomar Vigdis Bygstad at siktinga gjeld å ha voldt ein annans død ved stump vold mot avdødes hovude og overtreding av straffelovens § 192, første ledd bokstav a, jmf andre ledd bokstav (valdtekt, journ.mrk). Retten finn at det foreligg ein sterk mistanke for at sikta har forhold seg som i siktinga.
Blant bevisa politiet presenterte for retten var funn av dels fullstendig DNA av avdøde på siktas bustad, eit blodig putetrekk i plastpose på siktas bopel med blod frå avdøde, DNA frå den sikta avsatt på avdødes bukse, på innsida av glidelås og fleire funn av avtrykk i avdødes blod på åstaden.
Den sikta 18-åringen tok betenkningstid på om han vil godta retten sin slutning.