Lokal | 04. juni 2012

Ferdig mur i Vikjo

Opprustinga av Mobergsvika er i rute. Måndag blei steinarbeidet avslutta, no står berre småplukk igjen før St. Hansfeiringa.

Ferdig mur i Vikjo
Grillplassen er steinsatt og klar til bruk i Mobergsvika (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremåndag 04. juni 2012 15:07

Etter ein dryg månad med arbeid legg i dag arbeidarane frå Vassbakk & Stol dei siste steinane på plass i den nye muren i Vikjo.

- Det har gått heilt etter planen. Vêret har jo vore med oss heile vegen, fortel dei to karane som har halde på, i det dei er i ferd med å gjera seg ferdig.

Opprustinga kjem etter at Stor-Bergen Boligbyggerlag i fjor gav 1,5 millionar kroner til opprusting av Mobergsvika.

Stoler på Stol

Åge Landro i Bergen og Omland Friluftsråd (BFO) er den som har ansvaret for at prosjektet kjem i hamn til storslått St.Hansfeiring 23. juni.

- Eg er på veg opp der no for å sjå korleis det blir, fortel Landro då Midtsiden når han på telefonen.

- Arbeidarane fortel at det berre er litt opprydding att, så er det klart. Er det BFO som skal ta den jobben?

- Nei, eg stoler på (Vassbakk &) Stol. Det er dei som skal gjera alt ferdig.

- Vi tar over når anlegget er ferdig. Då er vi over i drift med grasklypping og liknande.

HC-rampa litt forseinka

Torsdag skal Landro ha møte med entreprenørane for å avklara kva som står igjen av jobb.

- Eg reknar med det berre er den siste finishen, så vi skal nok vera klare til St. Hans.

- Det einaste vi ikkje kjem heilt i mål med er den nye handikap-rampa nærmast Oseana. Den kjem nok ikkje på plass før litt seinare, forklarer Landro.

Med Mobergsvika ferdig opprusta er det berre å vente på finvêret.

- Vi såg kor populær badeplassen er då vi hadde gode temperaturar i samband med pinsen. Sjølv om det framleis var ein anleggsplass var det mykje folk i Vikjo og vi måtte sperra inne maskinene, avsluttar Åge Landro i Bergen og Omland Friluftsråd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.