Lokal | 09. apr. 2020

Ferdig strigla til påske

Ny grus og nye bålpanner på plass ved Knutabruo.

Ferdig strigla til påske
Brukameratane er flittige året rundt. No har området fått seg ein finpuss før påske. (Foto: Brukameratane)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. apr. 2020 10:11

Området rundt Knutabruo, på austsida av elva, har fått ein finpuss før påske.

Det populære turområdet har to gapahukar og fleire rasteplassar.

– Vi har kjøpt to nye bålpanner, så no er det seks bålpanner i området, fortel Brukameratane Harald Døsen, Bernt «Sogna-Bernt» Norevik Larsen og Peder Fløysand.

To nye bålpanner er på plass, i alt er det seks panner i området.
To nye bålpanner er på plass, i alt er det seks panner i området.

Dei håper folk er flinke å bruka pannene, og at dei tar med seg eingongsgrill, om dei har brukt dette i staden. Bålpannene skal stå igjen.

– Vi har dessverre opplevd at bålpanne har blitt stolen, men det skjer heldigvis ikkje så ofte, seier dugnadsgjengen.

Stien ned mot gapahuken ved elva har òg fått ny grus.

– Vi takka Fløysand Tak og Gudmund Fløysand for sponsing, dei donerte og leverte vaska grus til oss.

Området er særleg mykje brukt i desse dagar, når vaksne skal lufta hovudet etter ein dag på heimekontor, og ungdom ikkje får gå på øving eller trening grunna tiltak mot koronaviruset.

Det er venta mange turgåarar i påsken, som blir utan hytte- eller sydentur for dei fleste.

Stien ned mot gapahuken ved Oselvo har fått ny grus.
Stien ned mot gapahuken ved Oselvo har fått ny grus.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.