Lokal | 19. mars 2014

Ferjefri E39 må svinga unna fleire artar

På oppstartmøtet for Aksdal-Bergen måndag fortalte Fylkesmannen om svært sjeldne artar både i Bårdsundet og på Storum.

Ferjefri E39 må svinga unna fleire artar
Assisterande fylkesmann Rune Fjeld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 19. mars 2014 10:03

Bildeserie:

Det er funn av fleire sjeldne artar i Os.
Det er funn av fleire sjeldne artar i Os.
Tagghinnemose er berre funne éin annan stad i Noreg. (Mose-foto: Bryan Edvards)
Tagghinnemose er berre funne éin annan stad i Noreg. (Mose-foto: Bryan Edvards)
1 av 2
Det er funn av fleire sjeldne artar i Os.
Tagghinnemose er berre funne éin annan stad i Noreg. (Mose-foto: Bryan Edvards)

Fleire av ordførarane som hadde ordet under Statens vegvesen sitt oppstartmøte for ferjefrie E39 Aksdal-Bergen i Os måndag, var opptatt av at det ikkje skulle dukka opp show-stopparar i siste liten.

Les òg:
• Forsvaret gjev frå seg 20 prosent av fjorden
• Fekk innspel til Aksdal-Bergen

Den sjeldne augestikkaren Stor Torvlibelle sitt habitat i Endelausemarka i prosjektet E39 Svegatjørn - Rådal fekk som kjent konsekvensar.

– Den historia er i grunnen eit godt eksempel til våre haldningar til artsmangfald, og vi fekk ei fantastisk løysing på utfordringa der vi ved omlegging av vegen sikra både prosjektet og den sjeldne augestikkaren.

– Enkelte vil kanskje seia at ein augestikkar eller ein planteart ikkje er så viktig, men vern av desse er lovpålagt i Noreg, i tillegg til at vi har forplikta oss til dette via internasjonale avtalar, sa assisterande fylkesmann, Rune Fjeld, på oppstartmøtet.

Utbygging er hovudutfordringa

Årsaka til at plan- og bygg, anten det er bustad eller veg, må ta ekstra omsyn, er at dei er hovudsyndarane når det kjem til truga artar.

– Av dei raudlista artane som er truga, er 87 prosent truga på grunn av arealbruk, av utbygging, sa Fjeld.

Viktig funn av truga mose på Storum

Fjeld fortalte om regnskogen i kommunar rundt Bjørnafjorden, spesielt rundt Bårdsundet mellom Tysnes og Reksteren er det tett med boreonemoral regnskog.

– I 2008 blei det gjort undersøkingar i regnskogen rundt Bårdsundet, og det blei funne fem planteartar som er heilt nye i Noreg. Fire av dei var også nye i Skandinavia.

Ordførar i Os, Terje Søviknes, hadde tidlegare i møtet sagt klart ifrå at Os kommune ikkje vil ha brulanding i Øyane. Der fekk han støtte av fylkesmannen.

– På Storum ved Lepsøy er det funne ein veldig sjeldan moseart, Tagghinnemose (Plagiochila norvegica). Denne arten er berre funnen éin annan stad i Noreg, fortalte han.

Men på kartet over viktige funn i Os ser vi også eit stort, raudt felt rett nordaust for Bjørnatrynet, som er brulanding-alternativet Os kommune har anbefalt.

Muslingen i Oselvo

Sjølv om ferjefri E39 ikkje ser ut til å koma i nærleiken av Osvassdraget, nemnte Fjeld også den sjeldne elvemuslingen.

– 95 prosent av elvemuslingane i Europa er utrydda. I Hordaland er bestanden halvert.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.