Ferjer innstilte
Uvêret «Aina» satte ein stoppar for to av sambanda i Os. Oppdatert kl 10.49!
Det har blese godt gjennom natta og vêret gjer at FosenNamsos har innstilt begge sambanda dei opererer i Os.
– Sambandet Halhjem-Våge er førebels innstilt grunna vêrforholda, meldte ferjeselskapet klokka 06.01.
– Sambandet Hatvik-Venjaneset er førebels innstilt grunna vêrforholda, var beskjeden om litt tidlegare, klokka 05.35.
Reisende må nytta omkøyringsmoglegheiter.
Oppdatert:
Klokka 09.26 meldte FosenNamsos om at dei tok opp att drifta på sambandet mellom Hatvik og Venjaneset.
– Normal drift frå klokka 09.40 fredag 8.12.17, heiter det i meldinga.
Halhjem - Våge er framleis innstilt.
Oppdatert II:
Vegtrafikksentralen melder at frå klokka 11.30 vil også sambandet Halhjem - Våge gå som normalt.