Fersk forhandlar fekk tre favorittar
Festival køyrde ein stor fyrverkeridemo i Særvollsvika i kveld.
Bildeserie:
Tysdag kveld var Joar «Levemann» Førde og resten av Festival Fyrverkeri tilbake i Særvollsvika med bilen full av krut.
For tredje år på rad skulle forhandlarane i området få sjå korleis varene ser ut.
– Vi har rundt 50 forhandlarar her i kveld. Dei kjem frå plassar som Os og Bergen, Stord og Norheimsund, seier Christian Hope frå Festival.
Det blei sendt fyrverkeri for nærmare 50.000 kroner i lufta i kveld, frå dei billigaste til 79 kroner opp i 3500 kroner. Så kom ein finale av grovare kaliber.
– Joar held på å sertifisera seg som pyrotekniker, og sette opp sitt eige til slutt.
– Men det viktigaste i kveld var å visa heile repertoaret, også dei som er nye, til forhandlarane. Dei har nok tatt gode notatar i kveld, så dei skal vera klare til salsstart i romjula.
Tre favorittar
Oppskytinga gjekk i eitt frå klokka 19 til litt over 20, men var delt i fire; Rema-sortimentet, Tiger-sortiment (som skal seljast blant anna hos Coop), Thunder-sortiment (blant anna hos BilXtra) og Premium-sortimentet.
– Dette er nytt for meg. Eg skal selja ved BilXtra i Jordmorsvingen, frå Thunder-sortimentet, og noterte meg nokre favorittar, fortel Jørgen Nielsen.
Heavy Thunder (429 kroner), Tiger Fighter (649, frå Tiger-sortiment) og Mammut (2500 kroner) blir blant Nielsen sine anbefalingar.
Midtsiden kjem tilbake med video i romjula.
Donerte pengar til Kirkens Bymisjon
Vertsskapen, ekteparet Frøydis Ekerhov og Kent Ivar Mjølkeråen, hadde invitert skodelystne til å koma å sjå. Det var rigga opp bord for sal av vaflar og kaffi, og inntektene gjekk til Kirkens Bymisjon.
– Festival stilte med kaffi og 12,5 liter vaffelrøre. Alt blei selt, og vi fekk inn 1500 kroner, fortel Frøydis.
Ho hadde med seg søstera Synneva, og dei fekk god hjelp av ungane Frida, Remi og Karina med venar.
– Vi er veldig glade for at vi får koma. Staden er godt eigna og vertsskapen tar alltid godt imot oss, seier Hope.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.