Kultur | 31. juli 2015

Festen er i gang

MS Midthordaland forlot Os hamn klokka 15 med Jace Everett og Halvdan Sivertsen ombord, og med det var Osfest 2015 i gang.

Festen er i gang
Jace Everett i det han mønstrar på MS Midthordaland (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 31. juli 2015 13:40

Bildeserie:

Den amerikanske artisten fann seg raskt til rette på dekk (foto: AH)
Den amerikanske artisten fann seg raskt til rette på dekk (foto: AH)
Festivalgeneralane Ole Reinert Berg-Olsen og Tor Egil Hylland diskuterar dei siste detaljane (foto: AH)
Festivalgeneralane Ole Reinert Berg-Olsen og Tor Egil Hylland diskuterar dei siste detaljane (foto: AH)
1 av 2
Den amerikanske artisten fann seg raskt til rette på dekk (foto: AH)
Festivalgeneralane Ole Reinert Berg-Olsen og Tor Egil Hylland diskuterar dei siste detaljane (foto: AH)

Det har vore hektisk aktivitet på og rundt festivalområdet ved grusplassen dei siste dagane.

– Alt har vore dobbelt av i fjor. Dobbelt så mykje som skulle ordnast og dobbelt så hektisk. Om vi har kontroll? Det følest ikkje slik akkurat no, men berre vi kjem i gang så har vi det nok, smiler Ole Reinert Berg-Olsen medan han ser til at Jace Everett med band kjem seg ombord i Midthordaland.

Inn frå sida kjem Tor Egil Hylland. Det er meir som må diskuterast.

– Ja, nei, vi gjer det sånn, konkluderar dei to etter ein kort prat.

Skal henta Halvdan

Med Midthordaland på veg ut på fjorden står neste oppgåve for tur.

– Eg må henta min eigen båt. Halvdan Sivertsen ville nemleg bli henta med båt når han er ferdig å spele, så då får vi ordna det, helsar Berg-Olsen i det han spring avgarde.

Cruiset med Sivertsen og Everett var utseld. Det same gjeld VIP-passa for fredag og laurdag, men VIP-pass for heile helga er framleis mogleg å få tak i. Det same gjeld ordinære dagpass til båe dagane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.