Kultur | 08. sep. 2012

Festen held fram!

Video: Henrik Lyssand blir denne helga heidra og minna av kulturlivet i Os. Få med deg konsertane.

Andris Hamrelørdag 08. sep. 2012 11:41

Laurdag formiddag blei Henrik Lyssand jubileet opna i foajeen på Oseana med korsong, boklansering og historia om Henrik Lyssand i orda til Anders Hauge.

Sjå og høyr kora og Anders Hauge nedst i artikkelen.

Omlag 100 tilhøyrarar hadde funnet vegen til Oseana laurdag for å få med seg vakker korsong og markering av den europeiske kulturminnedagen.

- I staden for å konkurrera med kulturminnedagen har vi slått det saman til ei stor kulturhelg som vi har gledd oss lenge til, fortalde Anne Fristad frå Os Kammerkor.

Arrangementet var òg avslutninga på kystsogevekene med nostalgisk cruise på Bjørnefjorden med MS Midthordaland, Åsmund Lien og Os mannskor.

Boklansering

Saman med Anne Fristad knytte Leif Ragnar Tveit saman programmet på opninga.

- Lars Skorpen har skrive historia om Henriken.

- Vel så mykje som historia om Henrik, har dette blitt ei bok om kulturlivet i Os og eit møte med ei rekkje kulturpersonlegheitar, fortalde Tveit som hadde fått ei sniktitt på boka før lanseringa.

- Eg kan anbefala boka på det varmaste, og det kjem frå ein som er fødd på Tysnes, smilte Tveit.

Tveit trekte òg fram boka dottera til Henrik, Bergljot Lyssand Bjørø, hadde skrive i samband med sundagens konsert med barnekora.

- Den er eit strålande pedagogisk arbeid, som sjølv eg som ikkje er spesielt utdanna i musikk kan nytta meg av, forsikra programleiaren.

Ei legende

Ven og tidlegare lokalpolitikar, som mellomanna delte ut Bygdaprisen til Henrik Lyssand i 1978, Anders Hauge, hadde fått æra av å minna Lyssand gjennom eit kåseri.

- Henrik er vel det nærmaste vi kjem ei legende i Osbygdo.

- Berre fem år gamal fekk han sitt første instrument, ei fele. Tolv år gamal byrja han i vaksen musikken og knapt konfirmert blei han med i ungdomslaget, fortalde Hauge.

- Frå 1920-talet var han eit heilt kulturliv åleine. Hadde han vore busett i Oslo hadde han blitt heidra med St. Olavsordre og ikkje "berre" Kongen si fortenestemedalje i gull, meinte gamlerektoren.

Feiringa held fram

Lyssand skal heidrast og feirast gjennom heile helga.

- No blir det frynsekonsertar i foajeen gjennom dagen før Os Vocalis, som feirar 30 år i dag på bursdagen til Henrik Lyssand, held konsert i Oseanasalen klokka 17.

- Det er vel verdt å få med seg, oppmoda Leif Ragnar Tveit.

Klokka 20 inviterar Os spelemannslag og Os durspelsamskipnad til konsert og dans. I morgon ventar barnekor og stor festkonsert med Os Musikkforening, Os spelmannslag og stryken, Os Mannskor, Os Mannskors minikor, Lysekoret, Os Blandakor, Os Vocalis, Pensjonistkoret, Os Kammerkor, Tre med skjegg og ein utan.

VIDEO 4:16: Sjå og høyr Anders Hauge oppsummera Henrik Lyssand sitt liv og virke tonesatt av Os Kammerkor, Os Vocalis og Os Mannskor (foto: Andris Hamre)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.