Sport | 24. mai 2017

Festen i gang

Toppskårar Kristoffer Østervold er klar til å tukta Brann. Her er laga som startar.

Festen i gang
Kristoffer Østervold er klar for å klå Brann (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 24. mai 2017 18:01

Bildeserie:

Hovudtribuna blei fort full (foto: KVB)
Hovudtribuna blei fort full (foto: KVB)
Mellom anna av desse trofaste unge supporterane frå Lysefjorden (foto: KVB)
Mellom anna av desse trofaste unge supporterane frå Lysefjorden (foto: KVB)
1 av 2

Onsdag kveld er det duka for ein festkveld i Lysefjorden når Lysekloster tek i mot Brann til 2. runde i cupen.

Midtsiden sin reporter på stadion fortel at hovudtribuna blei fort full. No står det både osingar og tilreisande frå Bergen på midlertidig tribune langs motsett sidelinje. Kjernen av Brann-supportarar har funne plass på haugen bak måltavla og éin av dei drog ein song rett før innmarsj.

Høgdepunkta frå kampen kan du følgje på Midtsiden sin twitter-konto.

Lysekloster stiller med følgjende mannskap: 1 Chris Sunde Midtun, 3 Durim Muqkurtaj, 5 Kapinga Brazy, 9 Martin Pedersen, 18 Thorvald Trætteberg, 21 Denis Ljubovic, 7 Haakon Moldeklev, 11 Joakim Helland, 13 Ole Thomas Herrem, 17 Vladan Radojkic, 14 Kristoffer Østervold
På benken sit: 20 Håkon Fagerbakke Kvittingen, 12 Frode Moberg Øvredal, 2 Sigve Rørstad, 15 Ken Joar Føyen, 16 Marius Hodne Sivertsen

Brann gjer sju endringar frå seriekampen mot Sogndal og stiller med følgjende tropp: 1 Alex Horwath, 6 Vidar Ari Jonsson, 7 Peter Orry Larsen, 8 Fredrik Haugen, 9 Kasper Skaanes, 15 Bismar Acosta, 18 Azar Karadas,19 Deyver Vega, 22 Torgeir Børven, 23 Sivert Heltne Nilsen, 33 Amin Nouri.
På benken sit: 10 Jakob Orlov, 12 Markus O. Pettersen, 17 Gilli Rolantsson, 20 Halldor Stenevik, 21 Ruben Kristiansen, 29 Kristoffer Barmen, 34 Marius Bildøy

Branntrenar Lars Arne Nilsen seier dei ikkje tek lett på oppgåva.

– Det kjem heilt sikkert til å bli ein tøff fight. Eg trur det blir jamnt lenge, men vi bør slå dei og har veldig lyst til å gå vidare. Vi må ta dei på ferdigheit, fysikk og kvalitet. Motivasjon er det vanskeleg å ta dei på. Det er denne kampen dei huskar når dei sit i gyngestolen, seier Nilsen.

Sjølv om Nilsen ikkje tek lett på kampen, må han innsjå at odds-settarane trur laget hans får ei lettare oppgåve.

NordicBet.com sin odds før kampen var 8.80 på Lysekloster-siger og berre 1,17 på siger til bortelaget.

Brann leiar 1-0

Til pause leiar bortelaget 0-1 etter ein omgang kor Munkane har hatt vel så mykje av spelet som gjestane.

Etter berre to minutt oppsto ein situasjon kor Ole Thomas Herrem kom til ei sjanse, men blei stoppa av Horwath i Brannmålet. Fleire ropte på straffe til heimelaget.

Vel 24. minutt ut i kampen får Brann frispark frå omlag 25 meter. Barmen slår frisparket mot bakre stolpe kor Karadas headar ned igjen til Børven som set ballen i mål.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.