Lokal | 14. aug. 2014

– Fett skaper problem for oss

Kommunen har sendt ut varsel om at alle utleigelokale må installera fettutskiljar. – Avlaupsrøra går tett, forklarer teknisk sjef.

– Fett skaper problem for oss
Fett frå matlaging tettar avlaupsrøra (foto: fettvett.no)
Andris Hamretorsdag 14. aug. 2014 11:56

Det har lenge vore eit krav til profesjonelle serveringsverksemder at dei må ha installert fettutskiljar på kjøkkena. No har kommunen også vurdert at utleieverksemder, som klubbhus og ungdomshus må installere slike.

– Bakgrunnen for at vi no har sendt ut varsel om at desse også må installera fettutskiljar er at fettet skaper store problem i avlaupsnettet.

– Over tid så byggjer det seg opp og tettar nettet, særleg der kor det er koblingar og bøy på nettet, forklarar Marianne Kramer, teknisk sjef i Os kommune.

Problemet med tett avlaupsnett er særleg stort i Os sentrum, kor det er mange verksemder og gamalt ledningsnett.

– Vil vurdera kvart tilfelle

Kravet dei har sendt ut er eit generelt krav, utan vurdering av kor hyppig utleigelokala er i bruk.

– Vi har berre sett på at dei leiger ut lokala, og at det i den samanheng gjerne er mat inne i bildet, med oppvask og det dette medførar med tanke på fett i avlaupet.

– Vi har ikkje oversikt over kor hyppig dei leiger ut, eller kor stort omfang det er snakk om.

– Om det er nokon som meiner at dei ikkje driv denne type verksemd, så må dei ta kontakt med oss for å gje oss faktisk status med kor ofte dei leier ut og liknande.

– Kvar sak vil bli handsama for seg, forklarar Kramer.

Kostnaden med å installera fettutskiljar ligg, etter det Midtsiden kjenner til, på 20-30 000 kroner.

Ikke krav til private

Det er ikkje berre næringsdrivande som skapar problemer med fett i avlaupsnettet. Private husholdningar kan vera ein like stor bidragsyter.

– Er det aktuelt å innføra tilsvarande krav til private?

– Det er nok vanskelegare.

– Der må vi i staden gjera ein jobb med å informera.

– Hovudbodskapet er; Ikkje kast fett direkte i avlaupet, seier Kramer.

Kommunane i Oslo-området har gått saman om å laga nettsida fettvett.no kor ein finn mellom anna desse råda:

  • Fett i steikepanne og stivna, avkjølt fett fjernar du med tørkepapir og kastar i matavfallet.
  • Fett som ikkje stivnar, kan du hella over i ein tom mjølkekartong, teipa igjen, og kasta i restavfallet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.