FiB: Pepe & Speedy

Med pepofon!

Festspillene i Bergen med barne- og familiekonsert:
 
Ei musikalsk reise med gitar, saksofon og pepefon.
Kven har sagt at ein klarinett berre kan brukast til å blåsa i? Og at instrumentbager ikkje høyrer heime på ei scene? Ypperlege perkusjonsinstrument båe to! Jazzmusikarane Christoph Pepe Auer og Manfred «Speedy» Temmel leikar seg med gitarar, klarinettar, saksofonar og andre saker når dei utforskar lyd, rytmar og melodiar. Dei har jamvel laga eit heilt nytt instrument: Pepefon!
Musikken svingar frå fartsfyld sigøynermusikk til melodiske songar, groovy rytmar og svingande vals – eigenkomponert, så vel som utdrag frå pop, jazz og den klassiske verda. Med speleglede og kreativitet bes publikum med på ei interaktiv musikalsk oppleving.
 
Christoph Pepe Auer klarinett, saksofon, pepefon
Manfred Temmel gitar
 
Høver frå 6 år
Varer 40 min
 
Ord. 175,-  
Barn u/16: 125,-
 
Følg gjerne vårt Facebook-arrangement!

Lørdag, mai 25, 2019 - 12:00