Sport | 10. nov. 2012

Fight for fulle tribuner

Osdamene måtte kjempa for sigeren mot Sotra framfor 350 tilskodere på tribuna i Oshallen laurdag.

Fight for fulle tribuner
Elise Hjelle blei toppskårar med tre mål mot Sotra (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrelaurdag 10. nov. 2012 20:03

Os Turn hadde mobilisert framfor laurdagens dobbelkamp då både dame- og herrelaget spelte heime.

Først ut var damelaget mot Sotra framfor nær 350 entusiastiske publikumarar på tribunen.

- Det var fantastiske rammer og ei utruleg stemning i hallen i dag.

- Det blei nesten, men berre nesten, for mykje av det gode. Jentene ville så veldig mye med så mykje folk på tribuna, men diverre knøt det seg litt for dei, analyserar trenar Erlend Lyssand etter 17-15 sigeren.

Kanonforsvar

Med berre 15 mål bakover kan ikkje Lyssand vera anna en strålande nøgd med forsvarsjobben til jentene.

- Det sitt som det skal og jentene jobber godt saman.

- Diverre klarar vi ikkje å utnytte dette i å køyre kontringar slik som vi veit vi kan. Det blir litt for mange dårlege val og dårlege pasningar.

Saknar flyten

Også i etablert angrep slit Osdamene om dagen. Kombinasjonar og spel som dei viste tidligare i sesongen er vekke.

- Det er noko vi har hatt mykje fokus på og som vi veit vi kan, men likevel jobbar vi ein og ein i staden for å spele saman.

- Eg trur det berre er eit tidsspørsmål før det løsnar igjen, seier Lyssand som trekk fram venstreving Elise Hjelle og dei to strekane Marte Øvreeide og Emilie Hjertnes som dagens spelarar.

Os - Sotra 17-15 (10-8)
Utv: Os 3x2 min, Sotra 4 x 2 min.
Os sitt lag: Irene Tangerås (3), Anna Bjørke Kallestad (2), Tonje Hjertnes (2), Emilie Hjertnes (2), Maria Stangeland Lunde, Marte Øvreeide (2), Line Hjelle Berentsen (2), Vibeke Ingebrigtsen, Elise Hjelle (3), Vilde D. Fyllingen (1), Vilde Brattabø, Silje Martine Årseth.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.