Fiksa på ein time
Årsaka til skadana Statsraad Lehmkuhl gjorde på brygga ved Os Sjøfront er funnen og fiksa.
Statsraad Lehmkuhl vitja måndag Os, men ikkje heilt uten å settja spor etter seg. Ein av fendrane knakk nemleg den eine stolpen på skjørtet i forkant av brygga.
– Eg var faktisk ombord då det skjedde.
– Fenderen blei liggande mot eindel av brygga som berre består av tre. Hadde den lagt ein meter lengre borte, så hadde det gått heilt fint, fortel Arne Døsen, som fredag fiksa brygga.
Vil merka
Kvar tredje meter står det ein stålbjelke som held brygga oppe. Mellom desse er treverk som utgjer brygga og skjørtet.
– Om fenderen hadde lagt mot ein av stålbjelkane så hadde det gått heilt fint.
– Vi snakka om det allereie på måndag at vi får sørgje for å merke dei stolpane som er støtta av stålbjelker slik at det ikkje skjer igjen neste år når Statsraaden kjem på vitjing, smiler Døsen.
Jobben med å setje brygga i stand til bryggedansen laurdag anslo dei to karane frå Brødrene Døsen til å ta omlag ein times tid.