Sport | 04. mars 2011

Fin avslutting på ferien

Den siste helga i vinterferien får ganske fint vêr. Til veka kjem mykje nysnø i fjellet.

Fin avslutting på ferien
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. mars 2011 13:37

Vinterferien starta med strålande vêr måndag, men resten av veka blei med få unntak ganske grå.

No er det to fridagar igjen før ungane må tilbake tl skulebenken, og dei ser ut til å kunna brukast utandørs.

Det er meldt opphaldsvêr og delvis skya laurdag og søndag, både i Os, Eikedalen og på Voss.

Laurdag får mest sol, med lett skydekke heile daen. Men laurdag skal det koma sterkare vind enn søndag, 7 m/s i forhold til 1 m/s søndag. Søndag er det også venta litt sol, men det er på formiddagen.

Her kan du sjå detaljert vêrmelding for Osøyro, Eikedalen, Bavallen på Voss og Voss Fjellandsby i Myrkdalen.

Pudderalarm!

For dei som synes overgangen frå mykje skiståing i vinterferien til jobb og skule blir for brå, kan kveldskjøring vera god trøst.

Og neste veke kjem forholda til å bli supre, det er nemleg venta mykje regn i Os, men tilsvarande mengde snø i fjellet.

Måndag er det meldt 17 mm nedbør i Eikedalen, tysdag like mykje og onsdag 12 mm. Torsdag, når det truleg ligg over 30 cm nysnø i bakken, kjem 7 mm nedbør.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.