Kultur | 30. juni 2011

Fin driv i Vognhallen

Det sjuande skulptursymposiet i rekkja er godt i gang. Kunstnarane har «juksa litt», så i dag er det vernissasje.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. juni 2011 05:48

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 9
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

I 1999 såg Os Internasjonale Skulptursymposium dagens lys, sidan har marmor og gjestekunstnarar funne vegen til Os annakvart år. Søndag 26. juni starta årets skulptursymposium med samling i Solbakkestova.

–Dei fleste veit kva dei går til. Kunstnarane ordnar seg sjølv, overnatter privat hos gjestmilde osingar og kjem seg til og frå Vognhallen sjølv, seier Georg Jørgensen frå Os Kulturutvikling.

– Men fire av årets tolv kunstnarar har ikkje vore her før, og det er uansett fint med ei samlsing før start.

Finn italienske venar til Oseana

På spørsmål om korleis initiativtakar og kunstnar Arne Mæland kjem i kontakt med, og får desse utanlanske kunstnarane til Noreg, fortel han om fleire motiv og årsaker.

– Nokre av dei har vi følgt med på ei stund, og lenge ønskt oss til symposiet, andre har funne oss først, og gjerne fleire år venta på å få vera med.

– To av dei som var invitert i år jobbar ved kunstakademi i Italia, ein underviser i Firenze, ein annan er direktør for akademiet i Carrara.

– Dessverre kunne ikkje direktøren frå Carrara koma, men heldigvis har vi med kunstnaren frå akademiet i Firenze. For vi vil prøva å få til ein form for dialog med Oseana som kan leia til utveksling av kunst og idear, som to venskapsinstitusjonar.

Utstilling og auksjon

I år har andre enn dei 10 hovudkjøparane sjansen til å skaffa seg ein skulptur. Dei 14 dagane under symposiet pågår det auksjon på ein marmorengel som er laga av Butors Romhein. Romheim står også står bak Oseana-engelen.

I tillegg har fleire av kunstnarane har medbrakt kunst. Medan dei sjølv jobbar med nye, større verk, skal desse medbrakte skulpturane stillast ut i Oseana.

– Utstillinga opnar klokka 19 torsdag kveld og er ei salsutstilling, fortel Arne Mæland.

Årets kunstnarar:

Knut Hetleflåt
Knut Bryn, Norge
Karin van Ommeren, Nederland
Simona Bocchi, Italia
Fabio Rebora, Italia
Simonetta Baldini, Italia
Tony Casanelli, Italia
Pier Giorgio Balocchi, Italia
Boutros Romhein, Syria/Italia
Marina Bors, Romania
Petre Virgiliu Mogosanu, Romania
Eric Malou, Togo

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.