Fin festivalopning
... og i dag kjem dokumentar om Halden fengsel, den dryge thrilleren Gut, nok ein kortfilm av Bjørø og visning av Supporting Characters, som hadde verspremiere i New York i går.
Laurdag var det opning av filmfestivalen 60 grader Nord. Rolv Lyssand Bjørø sin kortfilm Skyggelys var første film ut, førpremiere på The Lady var neste første spelefilm.
– Det var godt besøk og veldig fin stemning her på opninga, seier ein nøgd Christoffer Kobbeltvedt frå 60n.
Han gler seg spesielt over mykje nytt publikum og fleire vaksne på filmfestival enn før.
– Og så er det spesielt stas at vi i år kan invitera til festival i Oseana.
– Kor tid går sola ned?
– Utover ettermiddagen og kvelden fekk vi sjå fleire fine filmar, og det blei ein god bransjekveld saman med filmskaparar som deltar på festivalen.
60n har besøk frå blant anna Tyskland, Irland, USA og Hellas.
– "Kor tid går eigentleg sola ned?" sa grekaren utover kvelden. Først var dei imponert over Oseana, fjorden og utsikta, så kom kommentaren frå middelhavsgjesten, som er vane med at sola går litt bråare ned i havet enn her.
Suksess i New York i går - på skjermen i Os i dag
Også kvaliteten på filmframvisaren i Oseana har filmskaparane blitt imponert over.
– Ingen av dei har sett sin eigen film i sånn kvalitet før, Oseana er som skreddarsydd til filmfestival, seier Kobbeltvedt.
Også søndag starta programmet klokka 12, første film ut var Four And a Half Years Old. Filmprogrammet held fram gjennom heile dagen, som blir runda av med den "dryge" thrilleren Gut.
I ettermiddag kan du sjå ein italiensk film om Halden fengsel, klokka 19.20 kan du sjå Bjørø igjen og kortfilmen hans, Paradox.
– Paradox er ein av to forfilmar til Supporting Characters av Daniel Schechter. Schechter ville koma til Os, men sidan han var i New York i går og skal til LA måndag blei det vanskeleg å få til.
Schechter, som har Jennifer Anniston på rollelista i sin nye film, blei ifølgje Kobbeltvedt svært godt mottatt på verdspremieren med Supporting Characters på Robert de Niro sin filmfestival i New York i går.
Midtsiden samleside: Filmfestivalen 60 grader Nord (tidl WT)