Lokal | 05. sep. 2009
Fin fredagsgjest
Fredag kveld, seks dagar før jakta startar, dukka denne hjorten opp i eit nabolag i Nordstrøno.


Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 05. sep. 2009 10:49
Fredag i halv åtte-tida om kvelden dukka ein hjort opp i hagen til Kjell Skoglund.
Bror og nabo Svein Skoglund har sendt oss nokre bilde av det unge dyret, som seks dagar før hjortejakta startar ikkje såg ut til å vera særleg redd menneske.
- Det er ikkje første gong vi har hjort i nabolaget, seier Svein.
Hjortejakta startar 10. september. Det blir også jakta hjort på Strøno.