Lokal | 22. juli 2009

- Fin kjøring

UP hadde fartskontroll på Søfteland onsdag kveld. Berre éin bilist kjørte for fort.

- Fin kjøring
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. juli 2009 20:24

Onsdag kveld hadde utrykkingspolitiet fartskontroll ved Søfteland skule. Trafikken i retning sør blei målt med laser, og dei fleste kjørte fint i 50-sona.

- Vi har fått ein del meldingar om høg fart og manglande vikeplikt for fotgjengarar i dette området. Men i kveld var det fin kjøring, seier Trond Valvik.

Fartskontrollen varte frå om lag 20.30 til 22.00. Berre éin kjørte for fort, vedkomande blei målt til 62 km/t i 50-sona.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.