Fin kjøring

UP sjekka trafikken forbi Søfteland skule i ettermiddag, og fann lite å reagera på.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I tida rundt skuleslutt i dag rigga utrykningspolitiet seg til med ein kort trafikkontroll.

Det er ikkje lenge sidan ein lastebilsjåfør blei tatt for å kjøra på raudt lys forbi fotgjengarfeltet ved skulen på Søfteland, men i dag var det fin åtferd hos bilistane på denne delen av E39.

- Éin bilist fekk mangellapp grunna dårlege dekk og feil på eksosanlegget, elles var det ikkje noko å setja fingeren på, seier Trond Valvik frå UP.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11