Lokal | 28. mars 2017
Fin kontroll på Halhjem
Statens Vegvesen nøgd etter kontroll med tunge køyretøy på Halhjem.
Andris Hamretysdag 28. mars 2017 09:44
Måndag kveld hadde vegvesenet ein ny kontroll av tunge køyretøy på Halhjem ferjekai, kor det var lite å peike på.
– Fin kveld på Halhjem i går: lite feil og manglar - det likar vi!, skriv vegvesenet i ei melding på twitter.
Tre køyretøy hadde dekk under fem millimeter mønsterdybde, to førarar fekk bruksforbod grunna ting i frontruta som sperra delar av sikta. Det er grunn til å tru at desse fekk køyra vidare etter å ha rydda dashbordet.