Næringsliv | 08. juli 2012

– Fin, men trong

Dei største brukarane av Os kai, Brødr Borgen Ferdigbetong, seier nye Os kai kunne vore betre - om dei blei høyrt før opprustinga starta.

– Fin, men trong
Brødrene Borgen får levert sand på Os kai kvar veke. Men den nyoppussa kaien har nedkjørsle som er trongare enn før opprustinga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 08. juli 2012 09:36

– Den nye kaien er verre for oss enn den førre, og vi fryktar at det skal bli endå vanskelegare å bruka kaien, seier Kristian Borgen.

Torsdag viste Midtsiden bilde av den nesten ferdige nye Os-kaien, som har blitt både større og på mange måtar betre. Men den har ikkje blitt betre for dei som bruker den mest.

– Kaien er fin, men dei har laga det så vanskeleg og trongt med tilkomst på kaien. Kjem det to felt i innkjøringa og refuge i midten blir det endå verre, seier Borgen.

– Det er krunglete å ha to bilar på kaien og bil med hengar er så knotete at det svarer seg nesten ikkje å bruka, det går rett og slett for mykje tid vekk med manøvrering.

Største kunde ikkje høyrt

Brødr Borgen Ferdigbetong AS bruker Os kai kvar veke til mottak av sand til betongproduksjonen deira. Når båten med sand legg til land går Borgen sine bilar saman med innleigde bilar i skytteltrafikk til all sanden har kome opp på anlegget på Kuventræ.

– Vi er nok den største brukaren av kaien, og truleg ein av få som betalar for å bruka den.

– Eg synes det er rart at ingen har spørt oss før dei lagde dette ferdig. Greit at reguleringsplanen har vore ute på høyring, men av dei skissene eg har sett har det ikkje vore mogleg å oppdaga at kaien skulle bli akkurat som dette.

Lét seg løysa

Borgen er ikkje mindre løysingsorientert enn at han ser kva som kan endrast for å få kaien brukarvenleg igjen.

– Nedkjørsla til kaien bør bli ein del breiare. Tar dei vekk cirka fem meter av muren nærmast Oseana, og kanskje tre meter av den nærmast Peppes, så har Os fått ein betre kai, i alle fall med våre auge.

– Betre enn planlagt

Tor Inge Døsen i Os kommune jobba i StorBergen Boligbyggelag då nye Os kai blei planlagt.

– Vi teikna kaien om etter regulering og fekk ein betre kai enn det som i utgangspunktet var planen. For eksempel skulle delar av kaien følgja den gamle linja. Det gjekk vi vekk ifrå så heile strekket som går paralelt med Os Sjøfront er tillegg, seier Døsen.

Fleire omsyn å ta

Kritikken frå Borgen synes Døsen det er litt tidleg å ta stilling til.

– Kaien har blitt bra, men det kan henda det kunne vore betre. Men vi bør bruka den ei stund før vi tar stilling til om noko bør endrast.

– Og så er det viktig å ta med at kaien no har fleire funksjonar. Den er innkjørsle til kulturhuset og til ein ny liten bydel i Os. Folk skal til og frå Oseana og bustadane sine, med bil og til fots, det er ikkje berre næring og nokre badegjestar godvêrsdagane, sånn det var før.

– Men burde ikkje Brødrene Borgen, som ivrigaste brukar av kaien, blitt høyrt medan kaien blei planlagt?

– Jau, og det ville dei kanskje blitt, om dei kom på banen den gong kommunen sat med planlegginga. Har du interesser å beskytta så har du også ansvar for å passa på at du blir høyrt, her kunne begge vore betre, ikkje berre kommunen.

– Kan det bli aktuelt å justera på betongkantane så nedkjørsla blir meir romsleg?

– Kanskje, om behovet viser seg å vera stort. Men førebels har ikkje kommunen offisielt overtatt kaien frå entreprenørane, og uansett skal blant anna Vegkontoret seia sitt om noko skal endrast på. Men, som sagt, vi får bruka den ei stund og sjå om ikkje alle blir vant med kaien sånn den har blitt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.