Finale: Os - Os
Sundag er det finale i Fana Sparebank Cup. I smågutar 13 blir det Os-siger uansett, men også i andre klassar har lag frå Os kommune gjort det skarpt.


96-gutane frå Os består av to jamne lag, Os 1, som er tidlegare Jada-spelarar og Os 2 med spelarar frå Os Turn og Søre Neset. I serien hamna dei på 2. og 3. plass i 1. divisjon, no har dei gjort reint bord i Fana Sparebank Cup.
- Det er eit godt kull. Vi har to jamne lag frå ein liten stall i forhold til fleire av klubbane i Bergen, likevel spelar begge laga jamt med dei aller beste bylaga, seier Os 1-trenar Terje Kvittingen.
Os 2 er det Per Olav Sørås som har hovudansvaret for
17-1 og 15-2
Puljespelet i cupen starta sundag 25. oktober. Begge laga frå Os vann sine puljer, Os 1 vann sine kampar 15-2 og 14-1 , Os 2 spelte ein kamp uavgjort 2-2, men vann den andre 17-1.
Os 1 vann sin kvartfinale 5-4 over Fana 2 etter ekstraomgangar, Os 2 tok seg til semifinale ved å slå Gneist 4 8-2.
- Det blir spelt med handicap-system, slik at våre 1. divisjonslag får straffe imot om dei møter 2. divisjonslag, fortel Kvittingen.
Os vs Os
Os 1 starta semifinalen med straffe imot, som enda med skåring. Kampen mot Gneist 5 enda med 2-2 og ekstraomgangar, der Os avgjorde og vann.
Os 2 spelte semifinale mot Fana 1. Den vann dei 4-2, og blei med det klar for finale mot treningskameratane førstkomande sundag.
Gode 14-åringar
I smågutar 14 kom Os til semifinale, men tapte her for Nore Neset, som spelar finale mot Smørås 1.
Os tok seg til semifinale med 3-1 over Minde i kvartfinalen, Nore Neset vann pulja og gjekk direkte til semifinale, der dei slo Os 2-1.
Fana Sparebank Cup er ny i år, og blir arrangert av fotballavdelingane i Fana, Smørås og Bjarg.