Gneist fekk 2. plass i Dana Cup etter at finalen enda med straffekonk. (Privat foto)

Finalen blei avgjort på straffekonk

Finalen blei like spennande som semifinalen for dei tre Os-jentene i Dana Cup.

image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fredag vann Gneist jenter 17 semifinalen i Dana Cup etter å ha henta seg inn frå 0-2 til 2-2 mot Molde.

Laget har tre spelarar frå Os, Anne Fjeldstad, Madelen Holme og keeper Emilie Askvik Bøe.

Fredag kveld var det finale mot tyske Baccum. Også den måtte avgjerast på straffekonk.

Utlikna på corner

Gneist hamna under også i finalen, men skal ha hatt spelemessig overtak.

– Molde gav oss meir motstand enn Baccum, synest Jan Runde Fjeldstad, tidlegare jentetrenar i Os og far til Gneist-spelar Anne.

Baccum tok leiinga etter å ha tuppa ballen i lengste hjørne då to Gneist-forsvararar misforsto kvarandre. Gneist utlikna ved å heada inn ein corner i 2. omgang.

– På straffesparkkonkurransen kom vi dessverre tidleg skeivt ut og jentene måtte nøya seg med 2. plass.

– Jentene imponerte

– Det var likevel ei flott oppleving med innmarsj og nasjonalsongar. Laget har prestert godt gjennom heile cupen, ikkje minst dei tre frå Os, seier Fjeldstad.

Både Anne og Madelen har spelt mykje og begge har skåra mål, Emilie slapp berre inn tre spelemål på sju kampar og redda eine straffen i semifinalen.

– At Madelen, som er tre år yngre enn dei andre, presterer så godt på eit lag som er heile i toppen, er imponerande, synest Jan Rune.

 

Fleire saker