Finanseliten med gåve til brumotstandarane
Se og Hør: Ei gåve til folkeaksjonen sto på ønskelista då Peter M. Anker feira 60-årsdagen sin.
I helga fortalde Se og Hør om Platou-sjef Peter M. Anker sin bursdagsfest. Anker fylte 60 år og Trygve Hegnar, Bjørn Rune Gjelsten, Johan H. Andresen og Christian Ringnes var blant gjestane på Theatercafeen i Oslo.
Reportasjen handla ikkje berre om bilde av par og antrekk, men om gåver. Fleire som møtte fram hadde nemleg ikkje gåver med seg, Anker ønskte seg nemleg heller eit bidrag til «Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden».
– 40-50 gåvegjevarar har kome med til saman 80.000 kroner. Vi er veldig takksame for alle bidraga, seier leiar for folkeaksjonen Geir-Magne Johnsen Moberg.
– Kona Helene ringde oss på førehand for å høyra om det var greit, om korleis det i så fall kunne gjennomførast, og for å understreka at dei ikkje vil legga nokre føringar for arbeidet vårt eller korleis pengane blir brukte.
– Ein snakkis «over fjellet»
Geir-Magne visste om Anker, som er blant eigarane av fritidsbustadane på Kobbavågen, si motstand mot bru. Pengegåva kan koma til å bli brukt til både konseulenthjelp og til å reisa for å delta i diskusjonar eller på arrangement relatert til E39 Stord-Os.
– Det som kanskje er viktigare for saka vår enn sjølve pengegåva er det at brua, slik Anker fortel, har blitt ein snakkis blant fleire i finanseliten. Blant desse har vi folk som er imot statleg sløsing med pengar, folk som òg er inne og støttar politiske parti økonomisk.
• Erna Solberg: Ikkje aktuelt å vurdera indre trasé på nytt
– Vi i folkeaksjonen har fått bra med merksemd i Hordaland, men til no føler vi at det har vore vanskeleg å «koma over fjellet» med bodskapen vår. Kanskje dette kan hjelpa med å få rikspolitikarane til å forstå at E39 Hordfast kan byggast på meir fornuftige måtar enn frå Tysnes til Os, seier Johnsen Moberg.
• Midtsiden samleside: E39 Stord - Os