Lokal | 24. sep. 2012

Fint til torsdag

Vêret blir ikkje like strålande som i helga, men det ser ut som om vi får opphaldsvêr utover veka.

Fint til torsdag
Banktjørn måndag morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 24. sep. 2012 09:31

Etter fleire veker med mykje regn har Os hatt nærmast skyfri himmel sidan fredag.

Også i dag er det lite vind og blå himmel og vêret skal halda seg ganske bra utover veka.

Tysdag er det meldt overskya/lettskya og same temperatur, men Storm melder 0,3 mm nedbør på ettermiddagen.

Onsdag melder både Storm og Yr lettskya vêr, men Yr melder litt nedbør, 1,1 mm, seint om kvelden onsdag.

Til torsdag melder Storm skyfri himmel, medan Yr spår at det kjem til å regna litt om morgonen og om kvelden, 0,8 mm og 0,6 mm.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.