Lokal | 02. juli 2018

Finvêret held seg heile veka

Finvêret vii ingen ende ta. Melder opp mot 24 grader onsdag. Åtvarar mot aukande skogbrannfare.

Finvêret held seg heile veka
Os hamn måndag 2. juli (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremåndag 02. juli 2018 10:35

Vi har lagt bak oss ei veke med Osdagane i strålande solskinn, og det ser ikkje ut til å gje seg med det første. Heile den kommande veka er det nemleg meldt opphaldsvêr. Først søndag kan det koma nokre dråpar regn.

Måndag, tysdag og onsdag er Yr og Storm samde om at det blir strålande sol frå skyfri himmel. Vi får ikkje den same varmen som i mai, men temperaturen vil ligga mellom 20 og 24 grader på ettermiddagen.

Torsdag, fredag og laurdag vil nok temperaturen synke litt. Dei to meterologiske selskapa spå lett overskya og 12 til 15 grader.

Frå søndag av er dei to ikkje heilt samde. Yr melder fortsatt fint opphaldsvêr, medan prognosane frå Storm tyder på at det kan koma nokre få dråpar med regn, men det blir ikkje stort.

Sjå samenlikninga frå Yr og Storm på Pent.no

Auka skogbrannfare

Førebels har brannvesenet ikkje innført forbod mot bruk av grillar og open eld på plassar kor det er lagt tilrette for dette, men finvêret gjer at skogbrannfaren er aukande.

Meterologisk institutt sendte måndag ut farevarsel om stor skogbrannfare på Vestlandet sør for Stad.

– Faren er aukande. Lokalt stor gras-, lyng- og skogbrannfare, til det kjem nedbør som monnar. Vegetasjon kan lett antennast og store områder kan bli berørt. Ver forsiktig med open eld, heiter det i meldinga.

Reint kaldt vatn

Os kommune si teknisk eining målar gjennom sesongen temperatur og vasskvalitet på utvalde badeplassar rundt i kommunen kvar veke. Sist måling, som er publisert, skriv seg frå 26. juni. Då var vasskvaliteten under 10 TKB på alle badeplassane. I Vinddalsvatnet og Sigurdsvikjo var temperaturen 14 grader, medan den blei målt til 11 grader i Smievågen, Moldafjæro, Mobergsvikjo, Kuvågen, Skeisstøa og Søvikvågen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.