Sport | 13. juni 2011

Fire år og farleg god

I gymsalen i Øyane blir det fostra ekte karate-kids.

Fire år og farleg god
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 13. juni 2011 07:20

Medan dei mange gode utøvarane Os Karateklubb har dyrka fram var 10-12 år gamle då dei byrja å trena har ei ny og mykje yngre gruppe karate-kids byrja å spira i gymsalen i Søre Øyane.

– Dei yngste er fire-fem år, og dei har allereie fått eit godt forsprang. Det skal bli spennande å sjå kor gode desse er nå dei er 12 år, seier sensei Cato Bruarøy.

Side om side med mor eller far

Kvifor tar klubben no imot så unge utøvarar? Fordi foreldra er med - og deltar på treninga.

– Det var ein idé som dukka opp. Ofte sit det tett med foreldre og ser på, og eg opplevde at om eg inviterte dei til å slenga seg med så hadde dei aldri tid. «Kva med no?» tenkte eg, dei er jo her allereie.

Bruarøy starta foreldre-og-barn-karate, noko som opna for at yngre utøvarar kunne få vera med.

– Også dette var noko vi ofte har fått spørsmål om, å tilby trening til dei som er endå yngre enn 10 år. På denne måten fekk vi det til.

Grunnteknikk og gradering

Torsdag var siste treningsdag før sommarferien. Då var det også gradering til nytt belte. Medan rekkefølgja opprinnleg er kvitt-gult-oransje-grønt-blått-lilla-brunt og svart kan ungane, som delmål, gradera seg til kvitt belte med farga stripe.

– Fargane på stripa går etter same skala som belta, men vi stoppar med brun stripe. Svart belte har alltid, og skal framleis, henga høgt i Wado-karate, det er ikkje ein valør ungar skal gå med i ei stripe, meiner Bruarøy, som sjølv har trent i nesten 30 år og har 5. grad svart belte.

Cato fekk treningstid i gymsalen i Øyane til forelde-og-barn-tilbodet han starta for to år sidan.

– Vi starta i det stille, juneltelegrafen har gjort at vi nesten frå start har hatt 20-25 ungar på treningane. Desse har med foreldre, som også får både oppvarming, innføring i grunnteknikk og leik saman med ungane.

I fjor sommar fekk dei første gradert seg til gul stripe, torsdag var det ny gradering.

– Det var ikkje fullt oppmøte, men vi hadde fire nye som fekk gul stripe og 10 av dei som har vore med ei stund som no klarte oransje stripe, fortel karatetrenaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.