Fire bilistar fekk reaksjonar
Med og utan hengar, med og utan lappen.
Mens Vest politidistrikt melder om 8-9 tilfelle av støy frå fest i Bergen og nabokommunar, både fredag og laurdag, fortel Bjørnafjorden lensmannskontor om ro og orden i vår kommune.
– Det har òg vore roleg i Os sentrum, når utestadane no er pålagde å stenga klokka 22, seier vakthavande.
Politiet har derimot hatt eitt og anna å setja fingeren på i trafikken.
Fredag klokka 19.42 stoppa dei ein bil på Hatvikvegen. Bilførar, ein mann i slutten av 30-åra, har ikkje førarkort og blei meldt.
Laurdag morgon klokka 05.12 stoppa dei ein bil med hengar. Bilførar , ein mann i slutten av 40-åra, har førarkot, men på den tilhengaren trengte han BE på førarkotet, noko han mangla. Vedkomande kan venta seg eit forelegg.
Klokka 00.36 natt til søndag var det ein annan mann i 40-åra som var ute og køyrde med tilhengar. Han blei stoppa nær Tøsdalsskiftet. Vedkomande hadde førarkort, men lasta var så dårleg sikra at han blir meldt for forholdet.
Seinare natt til søndag, klokka 02.08, målte politiet farten på ein bil i 60-sona på Byvegen, mellom sentrum og Tøsdalsskiftet.
Vedkomande, ein mann i starten på 20-åra, fekk 5.500 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet. Det står ikkje notert kor fort han køyrde, men ut frå storleiken på forelegget må farten ha lagt på 76-80 km/t i 60-sona.