Fire døde på éi veke
Den siste veka har brannvesenet tatt hand om daud hjort i sjøen heile fire gongar.


- Det skjer vanlegvis når det er skodde. No har det ikkje vore så mykje skodde rundt Os den siste tida, men blant anna Austevoll har hatt dårleg sikt, så det kan henda at dei har bomma i nabokommunen og rekt til Os etter drukning, seier Gunnar Hatlelid frå Os brannvesen.
To av dei fire hjortane som brannvesenet har tatt hand om den siste veka, blei funnen utanfor Molvikane, søraust for Ervikane.
- Laurdag var vi ute på desse to, ei kolle og ein sekstaggars kronhjort, pluss ei kolle utanfor Bjånes. I tillegg var vi ute på ein fjerde hjort for om lag ei veke sidan.
Ser du daud hjort i sjøen skal du varsla brannvesenet. Dei tar hand om skrotten og rapporterer funnet til det lokale landbrukskontoret.
- Vi dreg dyra på djupt vatn før vi søkkjer dei. Slik unngår vi at dei ligg i vegen for båttrafikken eller hamnar i ei fjøre og råtnar, fortel Hatlelid.