Fire fekk stipend

13. mai hadde Partas ingen som ville ha stipend, to veker seinare hadde dei så mange søkjarar at potten måtte utvidast.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

– Vi klarte ikkje å plukka ut berre éin, seier Knut Haddal frå Partas AS.

Fredag 13. mai gjekk dei ut på Midtsiden.no og etterlyste søkjarar til det ferske stipendet. Innan fristen var gått ut i slutten av mai hadde dei fått 28 søkjarar, mange av rette sort.

– Vi hadde gått ut litt breidt med fekk likevel mange i den gata vi var på jakt etter; svært lovande utøvarar som ligg heilt i vasskorpa til å ta steget opp i eliten, seier Haddal.

Problemet var å velja éin blant dei beste søkjarane.

Utvida frå 15.000 til 35.000

Rekneskapsfirmaet Partas kontakta ein av dei større kundane deira, Fløysand Tak AS, og spørte om dei ville vera med å bidra til desse gode kandidatane.

– Med dei 15.000 vi hadde sett av hadde vi berre nok til éin, maks to mottakarar. Med yttarlegare 20.000 kunne vi gje til fire, seier Haddal nøgd.

Desse fekk stipend i 2011:

Mathilde Sophie Sperrevik (20) er tildelt stipend på 10.000 kroner. Mathilde Sophie har dansa ballett sidan ho var fire år, og kan visa til ei imponerande utvikling. Til hausten skal ho byrja på siste året på Northern Ballet School i Manchester.

– Eg blei kjempeoverraska over å ha fått dette stipendet, og er sjølvsagt veldig glad. Det har nok ikkje gått heilt opp for meg enno. 
Eg vil seia tusen takk for støtta! seier Mathilde Sophie.

– Det er ein 16 år gamal draum dei støttar! Stipendet vil eg spara til auditionutgifter i haust og vinter, for det er kostbart å reisa til og delta på ulike auditions rundt om i verda. Kanskje ein dag dansar eg i Oseana, kven veit?

Åsmund Slettevold (16) er tildelt stipend på 5.000 kroner som reisestøtte til karatesamling i Beijing i juli.  Åsmund Slettevold er rekna som eit stortalent i sin idrett, ikkje berre i Hordaland, men på nasjonalt nivå. Åsmund er instruktør og er fast på det norske landslaget.

Ingrid Søfteland Neset (19) er tildelt stipend på 10.000 kroner for å videreutvikla sitt talent som fløytist. Ingrid Søftaland Neset kan visa til en flott merittliste, og, ikkje minst, høge mål for eigen utvikling.  Ingrid er snart ferdig med sitt første år ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København, og tar i tillegg musikktiaer ved andre av Europas leiande miljø for sitt instrument.

Bjørn-Erik Ulvatne (22) er tildelt stipend på 10.000 kroner. Bjørn-Erik er songar (tenor) innanfor musikal, klassisk og opera.  Bjørn-Erik Ulvatne har gått gradane fra lokale songmiljø fram til å ta steget opp til undervisning og utøving med nasjonale og internasjonale storleikar. Lokalt har vi nyleg hatt gleda av han i rolla som havprins i folkeoperaen ”Havfest” under opningsveka av Oseana. Bjørn-Erik Ulvatne har fått plass på Royal College of Music i England.

Tildelingsstyret har bestått av Tor Helge Eiken (leiar) og Knut Haddal.

 

 

 

Fleire saker