Fire gongar utan førarkort
Mannen som kjørte utfor Ulvenvegen i oktober i fjor er dømt til fengsel.
Ein mann i midten av 30-åra tiltalt for fleire tilfelle av kjøring utan førarkort.
Ved eitt av tilfella, laurdag 26. oktober i fjor, hadde han tjuvlånt bilen til ein slektning og hamna i grøfta på Ulvensletta.
24. juli i fjor blei han tatt i Mobergsbakken utan lappen.
26. oktober, etter å ha tatt bilen til svigerfar 24. oktober, kjørte han utfor på Ulven.
28. desember blei han tatt i Fanavegen bak rattet.
3. februar i år blei han stoppa igjen – denne gong på Søre Neset.
Han var også tiltalt for eit grovare lovbrot, i juli i fjor skal han ha truga ein av dei tilsette i barnevernet ved å seia blant anna: «hvis du stjeler mine barn skal du ikke føle deg for trygg».
I tillegg var han tiltalt for tjuveri av bilskilt i Varåsen 3. desember i fjor, for oppbevaring av 20 narkotiske tablettar i Bergen 28. desember og for to tilfelle av «tilegning» av stole kjennemerker.
Nekta for å ha truga
Tiltalte møtte i retten og sa seg skyldig på alle punkt bortsett frå det mest alvorlege, trugslar mot ein tilsett i barnevernet.
Han forklarte at «han gav mer uttrykk for at barnevernet ikke kunne gjemme seg bak en etat, men at de som jobbet der faktisk hadde "både navn og adresse" og slik sett måtte stå til rette for de vedtak som ble fattet, også det som var basert på skjønn.»
21 dagar fengsel
Tiltalte blei frifunnen for trugslar, men dømt for fire tilfelle av kjøring utan førarkort, der eitt av tilfella fekk konsekvens i form av kondemnert bil.
Han blei også dømt for tjuveri og heleri av kjennemerke, for oppbevaring av tablettar og for urettmessig bruk av andre sitt kjøretøy.
Mannen fekk 21 dagar fengsel utan vilkår.