Lokal | 22. jan. 2019

Fire leilegheiter totalskadd i brann

Alle kom seg ut då det byrja å brenna i Midtskogvegen i natt.

Fire leilegheiter totalskadd i brann
Det var full fyr og fare for spreiing til nabohus i Midtskogvegen i natt. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. jan. 2019 06:24

Bildeserie:

1 av 4

Klokka 01.52 i natt kom det melding om brann i eit bustadbygg i Midtskogvegen.

Politiet meldte samtidig at alle bebuarane var evakuerte. Etterkvart blei også nokre av naboane evakuerte.

Det var kraftig vind på staden, og brannvesenet fekk ein tøff sløkkejobb.

– Vi konsentrerte oss om å dempa gnistregnet og hindra spreiing av brannen, sa varabrannsjef Arne Monsen til BT i natt.

Bustadane er totalskadde.

Midtsiden kjem tilbake med meir.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.