Sport | 02. aug. 2016

Fire mål av Fabian - på éin omgang!

John Ole Johannessen tar av seg hatten etter Bødtker sitt hattrick for juniorlaget i Norway Cup.

Fire mål av Fabian - på éin omgang!
Fabian blei felt og tok straffen sjølv, dermed blei det ekte hattrick. Så la han på til 4-0 før pause. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. aug. 2016 07:53

Os Fotball stiller i år med 10 lag i Norway Cup. Cupen starta søndag, i går gjekk andre av tre innleiande rundar, og då tok det eine juniorlaget ein viktig siger.

– Keeperen vår blei sjuk så vi måtte setja ein utespelar i mål i første kamp. Vi leia 1-0 og kunne fint gått opp i fleire mål, men tapte 3-4.

– Når det er så jamt så er det klart vi kunne hatt avgjerande nytte av å ha Glenn Hjelle mellom stengene, seier trenar John Ole Johannessen.

I går var Hjelle frisk igjen, men den som tydelegvis var friskast var Fabian Bødtker.

Os vann 4-0. Fabian, som nyleg var i Gothia Cup med førstelaget, skåra alle 4 måla - før pause!

– Han var i humør i går. To av måla gjorde han omtrent heilt åleine, sånn sett det tredje òg, då han blei felt og reiste seg opp og sette straffen sjølv.

Klokka 18.30 i kveld skal dei kjempa om A-sluttspel i kamp mot eit lag i Lars Bakkerud sin nye klubb, Ørn Horten.

Også det andre juniorlaget frå Os har sjanse til å ta seg til A-sluttspel, då dei har 1-1 som resultat i begge dei første kampane.

8 gutelag - 2 jentelag

I tillegg til to juniorlag (gutar 18/19) stiller Os med:

• 4 lag i gutar 15/16 (eitt av dei i 7-ar)
• 2 lag i gutar 14
• 1 lag i jenter 17
• 1 lag i jenter 15/16

I gutar 15/16 har Os 1 spelt 2-2 og vunne 6-0 mens Os 2 har vunne begge, 2-1 og 2-0. Os 3 står med 0-6 og 2-0. Sjuarlaget har tapt begge sine kampar, 1-5 og 1-15.

I gutar 14 har Os 1 vunne begge sine kampar, 7-1 og 2-1, mens Os 2 er i pulje på tre lag og har berre spelt éin kamp. Den enda med 2-7-tap.

Det eine jentelaget, J15/16, har framleis håp om A-sluttspel. Dei vann første kamp 6-0, men tapte 2-4 i går. Jenter 17 har fått ein tøff start og står med to tap, 0-2 og 0-8, etter dei to første kampane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.