Fire menn mistenkt for køyring i rus
To av dei fekk førarkortet beslaglagt på staden.
I løpet av halvanna døgn, frå fredag kveld til søndag morgon, har politiet stoppa fire menn i Os, alle mistenkte for køyring i rusa tilstand.
Fredag i 21-tida blei ein mann i 20-åra mistenkt for køyring i rus på E39 Byvegen på Søfteland. Klokka 01 natt til laurdag blei ein annan mann i 20-åra stoppa på same stad, mistenkt for det same.
Det blei ikkje tatt beslag i førarkortet til desse to.
– Vi avventar resultat frå blodprøve, seier politioverbetjent Atle Birkeland.
I 22-tida laurdag kveld blei ein mann i 40-åra stoppa i Os sentrum. Han er òg mistenkt for å køyra mens han var rusa på noko anna enn alkohol. Her blei det tatt førarkortbeslag på staden.
Søndag klokka 09.30 blei ein annan mann i 40-åra stoppa ved Amfisenteret. Han er mistenkt for køyring i rus, og det blei tatt beslag i førarkortet.
Meldt for manglande sikring av barn i bil
Laurdag i 12-tida hadde politiet trafikkontroll på Hegglandsdalsvegen.
– 25 bilistar blei kontrollerte for promille, alle var edru. Men det blei stoppa ein bil der førar, ein mann i 30-åra, er meldt for manglande sikring av barn i bil.
Manglande sikring av barn i bil, om barnet er under 15 år, fører til to prikkar på førarkortet.
Laurdag i 21-tida fekk politiet melding om farleg køyring. Dei rykte ut og stoppa bilførar, ei eldre kvinne. Det blei tatt beslag i førarkortet hennar.
Syklist skadd i velt
Søndag klokka 11.30 kom det melding om eit sykkeluhell på ein sykkelveg på Søfteland.
Ein syklist ifølgje med fleire syklistar hadde velta og skadd seg. Han var bevisst, men hadde smerte i hofta og blei køyrd til legevakt i ambulanse.