Lokal | 21. jan. 2010

Fire mista lappen

Éin etter éin suste inn i fartskontrollen til utrykningspolitiet onsdag kveld.

Fire mista lappen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. jan. 2010 09:49

Onsdag kveld hadde utrykningspolitiet fartskontroll på Byvegen i 50-sona ved Storestraumen retning nord. Frå klokka 20 til 22 tok dei beslag i tre førarkort.

- Ein mann i 30-åra blei målt til 85 km/t, ein mann i 50-åra blei målt til 76 km/t, akkurat nok til å mista førarkortet. Begge var utanbys frå, seier politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Så kom ein osing i 20-åra, i 89 km/t. Han mista førarkortet med glans, 39 km/t over fartsgrensa.

Rått parti
UP sto ved Storestraumen då dei hadde laserkontroll i går. I enden av kontrollflaten, på utsida av venstresvingen retning nord, sto ein betjent med laser.

Tidlegare var fartsgrensa høgare på denne flaten, men no går den frå 80 og ned til 70 og 50 km/t før flaten startar.

Syndarane blei stoppa på busshaldeplassen rett rundt svingen.

Tatt for råning
I 19-tida onsdag blei ein osing i 20-åra stoppa. Han hadde ikkje førarkort, og blir meldt for det.

- Os-patruljen gjorde også eit beslag. Ved AMFI Os oppdaga dei ein 18-åring som råna Os, så han måtte gje frå seg førarkortet.

Politiet i Os hadde også trafikkontroll, i 30-sona ved Nore Neset skule i 19.30-tida.

- Vi sjekka lysbruk, og den var ikkje så verst. Men patruljen melder om ein del tilfelle av høg fart forbi skulen og opp mot idrettshallen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.