(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Fire tatt ved Ulven leir

Politiet stoppa fire bilar på Lyseklostervegen.

Kjetil Vasby Bruarøy
06. mai 2020 - 9:12
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Tysdag kveld mellom klokka 22 og 23 hadde politiet fartskontroll på Lyseklostervegen forbi Ulven leir.

– Det blei skrive ut fire forenkla forelegg, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Høgaste fart blei målt til 65 km/t, noko som fører til 3.800 kroner i forelegg og to prikkar på førarkortet. 1 km/t meir, og reaksjonen ville blitt 5.500 kroner og tre prikkar.

– Vi kjem til å halda fram med fokus på trafikk og fart i tida framover, og oppmodar folk om å køyra font og halda fartsgrensa.

 

Les meir om

Lokal Politi