Fire tok dyr telefonsamtale
Dei måtte ut med 1650 kroner kvar, bilistane som snakka i mobiltelefonen eller køyrde utan bilbelte, då politiet hadde kontrollar måndag.
Måndag gjennomførte politiet to trafikkontrollar kor fokus var bruk av bilbelte og ulovleg bruk av mobiltelefon.
– Den første kontrollen hadde vi på E39 ved Søfteland skule frå klokka 11 og i halvannan time. Der blei resultatet at to fekk forenkla forelegg for ulovleg mobilbruk, to fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte og ein fekk mangellapp grunna tekniske forhold ved køyretøyet, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.
"Prisen" for å snakka ulovlig i mobiltelefonen er 1650 kroner, det same er gebyret du får om du ikkje bruker bilbeltet.
Usikra passasjer
Patrulja flytta seg så til nederst i Mobergsbakken ved Vognhallen kor dei sto frå 14 til 1530.
– Det var det same fokuset dei hadde i den kontrollen. Der blei resultatet at to bilførarar fekk forenkla forelegg for ulovleg mobilbruk og éin gebyr for ikkje å bruke bilbelte.
– I tillegg fekk éin førar eit forenkla forelegg på 2250 kroner for å køyre med usikra passasjer under 15 år i bilen og for å vera for mange i bilen, seier politioverbetjenten.