Lokal | 16. mars 2019

Fire ungdomar tatt med hasj

Både dei som er over 18 år, og dei som er under, vil bli følgd opp.

Fire ungdomar tatt med hasj
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 16. mars 2019 08:22

Fredag kveld, utandørs i eit område nord for Os sentrum, møtte politiet ein gjeng på fire ungdomar.

– Det blei funne mindre mengder narkotika, truleg hasj eller marijuana, på ungdomen. Nokre av dei er under 18 år, nokre av dei er over, fortel vakthavande ved Os lensmannskontor.

Dei som er over 18 år blei avhøyrd på staden. Foreldra til dei som er yngre blei varsla, her blir det avhøyr seinare. Ingen av dei blei tatt inn til blodprøve.

– Vi kjem til å følgja både straffesporet og forebyggande spor, med oppfølging av ungdomane.

Politiet vil ikkje fortelja om alle er mistenkte for både bruk og besittelse.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.