Næringsliv | 16. juni 2020

Firma har starta vannskuterutleige i Os

– Vi har ein fantastisk skjergard å køyra i, seier Jørgen Alfheim.

Firma har starta vannskuterutleige i Os
Jørgen Alfheim med den første av tre skuterar som i sommar skal leigast ut. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 16. juni 2020 09:50

I førre veke kom den første skuteren på plass, laurdag kom den første kunden.

– Vi leiger ut for 3, 6 og 12 timar. Han bestilte 6 timar, men ringte oss frå skuteren og utvida til 12, seier Jørgen Alfheim nøgd.

Denne veka kjem nok ein vannskuter i utvalet, den andre av planlagte tre innkjøp til den nye satsinga.

Heilfrelst familie

Jørgen fekk smaken på vannskuterkøyring då han og kona leigde kvar sin for to-tre år sidan.

– Ungane sat bakpå, og vi fekk ein fantastisk dag mellom holmar og skjer, og på fjorden.

– Vannskuterane er meir stabile enn eg trudde, og god i bølgjer. Dei er gøye å køyra, du kjem deg raskt rundt på ulike plassar, samtidig er det idyllisk å kunna gli rundt på sakte fart.

Å cruisa rundt i Os-skjergarden gav meirsmak. No har Alfheim byrja med utleige. (Foto: KVB)
Å cruisa rundt i Os-skjergarden gav meirsmak. No har Alfheim byrja med utleige. (Foto: KVB)

– Den rette staden

Selskapet som har investert i vannskuterane heiter Bergen Fasade & Vedlikehold AS, eit firma Jørgen og to kollegaer frå Askøy og Bjorøy er i ferd med å overta. Alfheim har frå før drive sitt eige firma, TT-Vest, som han tar inn i det nye.

– Eg jobbar fast for Beerenberg, med turnus i Nordsjøen, men er i aktivitet for eige firma når eg er heime, fortel Jørgen, som driv med både overflatebehandling og tilkomstteknikk (klatring/arbeid sikra med tau).

– Og så har eg ansvar for å driva vannskuterutleigen. Vi har ingen kontor eller fast brygge, men kjem med hengar og leverer skuteren ut frå slippen til Oselvarnaustet i Os hamn.

Heimesida til Os Vannscooter skal bli klar denne veka. Trass inga marknadsføring har det vore bra med bestillingar og telefonar allereie.

– Det er greit med å bu i Os. Ikkje berre er det fint å køyra båt og vannskuter her, det er mange som kjenner kvarandre, og jungelelegrafen går fort, seier Jørgen og ler.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.