Lokal | 27. feb. 2014

Fisk i fokus

Trivselen familiebarnehage med Fiskesprell for å gje barna smak på fisk og sjømat.

Fisk i fokus
Fiskepinner a la Trivselen. Sjølvsagt heimelaga (privat foto)
Andris Hamretorsdag 27. feb. 2014 08:05

Bildeserie:

Også strøet har borna laga sjølv ved å knuse knekkebrød (privat foto)
Også strøet har borna laga sjølv ved å knuse knekkebrød (privat foto)
Fiskeform med laks, soyasaus og grønsaker fell i smak også hjå små (privat foto)
Fiskeform med laks, soyasaus og grønsaker fell i smak også hjå små (privat foto)
Fanga i garnet (privat foto)
Fanga i garnet (privat foto)
Eit eige rom er innreia som akvarium (privat foto)
Eit eige rom er innreia som akvarium (privat foto)
Ut på tur for å leite etter fleire av havets skattar (privat foto)
Ut på tur for å leite etter fleire av havets skattar (privat foto)
1 av 5

Den minste barnehagen i Os, Trivselen familiebarnehage, er som fleire av dei større barnehagane med i eit opplegg frå Hordaland Fylkeskommune kalla "Fiskesprell".

– Tanken bak er at vi skal få kjennskap til og opplæring i håndtering av fisk og sjømat.

– Ikkje minst er det å finne ein god måte å tilretteleggja fisk og sjømat for ungane på ein sentral del av det heile, fortel dagleg leiar, Tina Herrevold.

Havfest for store og små

Familiebarnehagen har born opptil 3 år. I desse dagar går ein av dei store happeningane av stabelen når dei inviterer foreldra til karnevalet "Havfest".

– Vi arrangerte det også i fjor, men i å har vi utvida førebuingane til å strekkje seg over både februar og mars.

– På Havfest serverar vi rettar frå hav og natur, alt frå rå fisk til fiskepinnar a la Trivselen.

– I tillegg får foreldra oppleva noko av det kjekke vi held på med, seier Herrevold.

Laga akvarium

Eit av dei kjekke møta foreldra får med barnehagen denne gongen er eit gedigent akvarium.

– I år hadde vi lyst til å ta han heilt ut.

– Eit av romma i barnehagen har vi malt som eit akvarium på både tak og veggar.

– Her har ungane fått dekorera med sjølvplukka skjell, dekor funnen på loppemarknad og anna pynt dei har laga i barnehagen.

– Vi gler oss til å få presentere dette for foreldra.

Viktig for språket

Sjølv om dei har innreia eit eige rom som akvarium går hav igjen i heile barnehagen.

– Vi nyttar gjenstander frå havet bevisst for å auke språkforståinga og omgjev oss med havrelaterte element på alle rom, frå stelleplass til leke og opphaldsrom.

– Målet er å gjera barna kjende med ulike smakar av havets skattekiste og visuelt gje dei gode sanseinntrykk som igjen stimulerar dei til samtalar med kvarandre og oss vaksen.

– Det vi vaksne viser interesse for vil også barna finne interessant, avsluttar Herrevold.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.