Du har lov å fiska utanfor denne grensa, men ikkje etter kva fisk som helst, eller kor tid som helst. (Foto: AH)

Fiskarar blei viste vekk

Politiet sendte fiskarar ut til moloen. Der er det heller ikkje lov å fiska laks før midten av juli.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Måndag viste politiet vekk nokre fiskarar som sto med stang på ein brygge i Os hamn.

– Dei sto innanfor fredningssona, så patruljen sendte dei ut til moloen, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Grensa mellom elv og sjø går ikkje under Osbrua, men eit stykke lengre ute, og er skilta både ved Abo sitt kontor på austsida av hamna og ved Peppes på vestsida.

Innanfor denne grensa er det totalforbod mot fiske, uansett reiskap, uansett årstid.

Ikkje lov å fiska laks før 15. juli

Men det er òg eigne reglar for fiske nær denne grensa. Er du mindre enn 100 meter frå grensa er det berre lov å fiska med stong, og berre når det er sesong i Oselvo (frå 15. juni), og IKKJE etter laks før 15. juli.

Når du har kome utanfor 100-meter-sona, frå 100 til 500 meter frå grensa mellom sjø og elv, er det òg restriksjonar. Denne blir kalla fredningssona. Her har du lov å fiska frå båt, men også her må du venta med å fiska laks til etter 15. juli.

Det er med andre ord ikkje lov å fiska laks eller aure frå moloane, Mobergsvika, Solstrand eller i båt som er nærmare enn 500 meter frå grensa, bortsett frå i perioden 15. juli til 15. september.

• Sjå kart og les meir om reglane i artikkelen vi publiserte sommaren 2017

Fleire saker