Meining | 18. juni 2019

Fjellheim – nyttig for kulturlivet i Os

Lesarinnlegg: Eit Fjellheim inkludert i Oseana vil bli til stor nytte for kulturlivet.

Fjellheim – nyttig for kulturlivet i Os
Fjellheim kan framleis vera til nytte for kulturlivet i Os skriv Olav Søfteland. (Foto: KOG)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 18. juni 2019 13:47

Oseana har gjort ein «moglegheitsstudie» for bruk av Fjellheim.

Konklusjonen er at Fjellheim kan «bli et viktig tilskudd på kort og lang sikt til det samlede kulturtilbud i kommunen«. Kloke ord!

Etter snart ti års drift har Oseana erfaringar og kunnskapar som vi må lytta til. Likevel foreslår rådmannen at formanskapet stadfestar tidlegare kommunestyrevedtak om at Fjellheim skal seljast.

Grunngjevinga er kort – men ikkje god – at kostnaden med å setja Fjellheim i stand, ca. 29 mill. kroner, er for stor.

Studien viser at det er bruk for Fjellheim.

Når vi ser på utviklinga frå då det vart vedtatt å byggja Oseana og å selja Fjellheim, ser vi at vedtaket om Oseana var framsynt og til stor nytte og glede for Os.

Vedtaket om å selja Fjellheim var ikkje framtidsretta.

Eit Fjellheim inkludert i Oseana vil bli til stor nytte for kulturlivet. Etter kvart som Bjørnafjorden kommune vert større vil nytten også bli større og større.

Når no skjebnen til Fjellheim skal vurderast endå ein gong, må vi ikkje berre sjå på kva det kostar å setja huset i stand (vel 60 prosent av Os kommune sitt overskot i 2018).

Vi må sjå på kva vi får igjen etter at investeringa er gjort, samtidig som vi har gjort oss nytte av den verdi Fjellheim har i dag.

Då får vi eit kulturhus til ca. 30 mill. kroner som blir eit viktig og nyttig supplement til Oseana. Det blir billeg det! At Fjellheim kan bli ein del av Oseana, er ein god garanti for ei forstandig drift. Frivillege organisasjonar i kommunen vil sikkert også kunna bidra til at eit «nytt» Fjellheim blir ein suksess.

I tillegg til den nytte eit oppgradert Fjellheim vil ha for kulturlivet, har Fjellheim ein arkitektonisk og historisk verdi som vi i dag ikkje må ta ifrå framtidige generasjonar.

Olav Søfteland

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.