Lokal | 09. nov. 2012

"To Fjellheim, or not to Fjellheim"

Lesarinnlegg, Os Rockeklubb: Det har knytt seg stor spenning til kor Os Rockeklubb, som kulturell tungvektar i bygda, vil stilla seg i debatten om framtida til Fjellheim.

"To Fjellheim, or not to Fjellheim"
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. nov. 2012 08:56

Det har knytt seg stor spenning til kor Os Rockeklubb, som kulturell tungvektar i bygda, vil stilla seg i seg i debatten om framtida til Fjellheim. Det har heller ikkje mangla på engasjement for å få Os Rockeklubb til å stilla seg bak eit ønskje om vidare drift.

Saka blei tatt opp på eit styremøte i Os Rockeklubb måndag 5. november, og følgjande blei samrøystes vedtatt å uttala om saka:

"Os Rockeklubb meiner det ikkje er realistisk med ei vidare drift av Fjellheim som kulturhus. Dei byggtekniske utfordringane, saman med dei store produksjonstekniske utfordringane talar klårt imot ei vidare drift. Ein bør halda seg til dei planar og politiske avgjersler som allereie ligg på plass for Fjellheim. Os Rockeklubb vil samstundes oppfordra dei andre laga og kulturinstitusjonane til å vera kreative i å finna måtar og løysingar på korleis ein får spreidd sin kultur. For vår eigen del har vi klart å gjera eit bomberom om til ein fullverdig klubbscene. Slutt og syt, begynn heller og yt!!!"

Debatt slutt for vår del.

Os Rockeklubb ved styret

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.