Fjernar hjulspora
Etter år med djupe spor i rundkøyringa på E-39 ved Industrivegen ser det no ut til å bli ei råd.
Fleire har i lang tid kravd at Statens vegvesen måtte gjera noko med dei djupe spora i rundkøyringa ved Meny på E-39.
Seinast i kommunestyremøtet før sommaren, då kommunen gav løyve om 1,5 millionar til asfaltering av kommunale vegar.
Spesielt køyrefeltet nærmast busshaldeplassen har vore risikabelt å køyra, der spora har vore om lag 20 cm djupe.
Då Midtsiden passerte rundkøyringa torsdag kveld var entreprenørar i full sving med å høvla dei høgste partia, truleg for å jamna noko ut før ny asfalt skal leggjast.
Dette er ikkje den einaste plassen i kommunen vegvesenet har funne midlar til å utbetra vegen. I juni fann dei nokre midlar slik at Hegglandsdalsvegen kunne få ny asfalt på 6-7 korte distansar.